Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Spesialundervisning

Spesialundervisning er ei tilpassa form for opplæring som kan gjevast til elevar som treng det.

Tenesteomtale

Viss du som forelder er bekymra for at barnet ditt ikkje får godt nok utbytte av opplæringa, kan du krevje at skulen undersøkjer om barnet treng spesialundervisning.
 
Spesialundervisning er eit tilbod skulen har for elevar som treng noko anna enn den vanlege undervisinga. Spesialundervisning er ein rett, men det må gjerast ei fagleg vurdering før retten inntrer. Det er den pedagogiske-psykologiske tenesta som gjer den faglege vurderinga.
 
Spesialundervisning kan til dømes vere at eleven jobbar etter andre læringsmål enn andre elevar, at ein lærer eller assistent følgjer opp eleven i klassa eller at eleven får særskilt tilpassa utstyr.

Målgruppe

Elevar i grunnskule og vidaregåande skule

Kriterium/vilkår

Skulen har plikt til å vurdere og eventuelt prøve ut tiltak for å sikre deg eit tilfredsstillande utbytte av opplæringa før pedagogisk-psykologisk teneste (PP-tenesta) gjer ei sakkunnig vurdering.

Lover

Kommunen pliktar å sørgje for denne tenesta. Sjå spesielt opplæringslova kap. 5 Spesialundervisning

Opplæringslova

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Du eller foreldra dine kan krevje at skulen gjer dei nødvendige undersøkingane for å finne ut om du treng spesialundervisning og kva for opplæring du eventuelt treng.

Saksbehandling

Før det blir gjort ei sakkunnig og før spesialundervisning blir sett i verk, skal det innhentast samtykke frå deg eller foreldra dine. Du eller foreldra dine har rett til å sjå den sakkunnige vurderinga og til å uttale dykk før det blir gjort vedtak. Et positivt vedtak skal spesifisere omfanget, innhaldet og organiseringa av spesialundervisninga.

Normalt får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen innan klagefristen for vedtaket går ut.

Saksbehandlingstid

Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort.

Høve til å klage

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Blir avgjerda ståande, blir saka send vidare til statsforvaltaren, som avgjer om klagen skal takast til følgje.

Tjenesten oppdatert: 11.04.2021 18:23