Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Skjenkjeløyve - ambulerande / for eit enkelt høve

Ønskjer du å servere alkoholhaldig drikk i samband med slutta selskap eller ved eit bestemt høve, må du søkje kommunen om skjenkjeløyve.

Tenesteomtale

Ønskjer du å servere alkoholhaldig drikk i samband med slutta selskap eller ved ei særskild hending, må du søkje kommunen om skjenkjeløyve.

Løyve treng du normalt ikkje ved reint private arrangement som bryllaup, fødselsdagsselskap eller andre jubileum så lenge det ikkje blir tatt betalt for drikke. Men all servering av alkohol mot vederlag krev at du har løyve.

For einskilde typar lokale kan det likevel krevjast løyve, sjølvom det ikkje blir teke betalt for drikke. Eksempel på slike lokale er forsamlingslokale, torg, parkar og andre offentlege plassar.

Målgruppe


Kriterium/vilkår

All servering av alkoholhaldig drikk mot ein eller annen form for betaling krev løyve. Ansvarleg skjenkjestyrar må vere fylt 20 år (det blir kravd legitimasjon). Det er ikkje krav om bestått kunnskapsprøve.

Pris for tenesta


Samarbeidspartnarar


Lover

Sjå alkoholloven § 1-6 andre avsnittet, § 4-5 og § 8-9

Alkoholforskriften
Alkoholloven

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Du må sende skriftleg søknad til løyvemyndigheita god tid før arrangementet skal vere. Søknaden skal innehalde opplysningar om kva slags arrangement det er snakk om, kven som er arrangør, kor og når arrangementet skal vere, kor mange deltakarar og kven som er ansvarleg skjenkjestyrar. Ansvarshavande må gjere seg kjend med føresegnene i alkohollova og med lokale retningsliner.

Vedlegg

Legitimasjon

Saksbehandling

Søkjer du om skjenkjeløyve for eit enkelt, bestemt høve, blir det innhenta fråsegn frå politiet og sosialtenesta. Du får skriftleg melding om vedtaket. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein tenkjer seg at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen innan klagefristen for vedtaket går ut.

Saksbehandlingstid

Behandlingstida vil variere og nokre arrangement krev lengre behandlingstid enn andre. Vêr derfor ute i god tid og send søknad minst fire veker før arrangementet.

Høve til å klage

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka send vidare til statsforvaltaren, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.

Tjenesten oppdatert: 03.11.2021 08:39