Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Mindre byggjetiltak på utbygd eigedom

Vil du byggje ein terrasse, garasje eller eit tilbygg? Du kan byggje sjølv utan å bruke fagkyndige. Men avhengig av storleiken må du søkje om løyve frå kommunen.

Tenesteomtale

Du kan sjølv prosjektere og byggje det som blir kalla for mindre byggjetiltak på eigedomen din etter at søknaden din er blitt godkjent av kommunen. Eit mindre byggjetiltak er:
  • eit tilbygg på mindre enn 50 m2, for eksempel utvide bygningen med ein terrasse, veranda eller eit nytt rom. Tilbygget kan ha kjellar.
  • ein frittliggjande bygning på mindre enn 70 m2 som du ikkje skal bu i, for eksempel ein garasje eller bod. Bygget kan ha kjellar. 
  • bruksendring frå tilleggsdel til hovuddel, for eksempel gjere om ei kjellarbu til kjellarstove.

Kriterium/vilkår

Desse faktorane kan avgjere godkjenning av søknaden sjølv om det er eit mindre byggjetiltak:
  • Avstand til vatn- og avløpsleidningar
  • Avstand til bilveg, gongveg eller sykkelveg
  • Avstand til trikke- eller togskjener
  • Avstand til naboeigedom
  • Flaum- og skredområde
  • Sjeldne plante- og dyreartar.

Pris for tenesta

Du betalar eit gebyr for saksbehandlinga.

Lover

Sjå spesielt plan- og bygningslova § 20-2, kap. 21 (Krav til innhald og behandling av søknaden), kap. 29 (Krav til tiltaket) og byggesaksforskrifta kap. 3.

Byggesaksforskriften (SAK 10)
Plan- og bygningsloven
Forvaltningsloven

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Du søkjer kommunen ved eit skjema for Byggesøknad for deg som ønskjer å byggje eller rive.
 
Sjekk med din kommune om den har ein byggjesøknadspakke, då slepp du å leite fram alt sjølv.
 
Dette treng du til søknaden
  • Gardsnummer, bruksnummer, festenummer og seksjonsnummer.
  • Situasjonskart over eigedomen, anten digitalt eller på papir blir (bestilt hos kommunen)
  • Reglar som gjeld for eigedomen din i kommuneplanen sin arealdel, reguleringsplan eller områdeplan
  • Teikning av bygget og av plasseringa
  • Nabovarsel/kvittering for utsend nabovarsel

Saksbehandling

Dersom søknaden er fullstendig og tiltaket ikkje er i strid med reglar og planar (sjå feltet Kriterium/vilkår), skal kommunen gje løyve innan ein bestemd frist (sjå under). Søkjaren og dei som eventuelt har kome med merknader, får eit skriftleg vedtak. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein meiner at du kan bli misnøgd med vedtaket.

Saksbehandlingstid

Ein fullstendig søknad om løyve som ikkje medfører dispensasjon frå vilkåra, skal avgjerast av kommunen innan tolv veker. Byggjesaksgebyret skal reduserast med 25 % for kvar veke tidsfristen overskridast.

Dersom det i tillegg ikkje har kome merknader frå naboar/tverrbuarar og det ikkje er nødvendig med fråsegner frå annan myndigheit, skal kommunen avgjere saka innan tre veker. Dersom kommunen ikkje har avgjort søknaden innan fristen har gått ut, reknast løyvet for gjeve, såframt at det du søkjer om, ikkje er i strid med gjeldande reglar og planar. Har det derimot kome protestar frå naboar/tverrbuarar, og kommunen ikkje har gjort vedtak innan trevekersfristen, kan du ikkje rekne løyvet for gjeve.

Høve til å klage

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka sendt vidare til statsforvaltaren, som avgjer om klagen skal takast til følgje.

Tjenesten oppdatert: 22.02.2022 09:07