Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Miljøinformasjon

Alle har rett til opplysningar frå kommunen om tilhøve som har noko å seie for miljøet.

Tenesteomtale

Miljøinformasjonslova gir kommunen plikt til å svare deg på spørsmål du har om miljøet i kommunen din. 
Du kan for eksempel spørje om miljøinformasjon i samanheng med ei utbygging som kommunen gjer. Eller du kan få informasjon om risikoen for flaum der du bur. Miljøinformasjon kan vere:
  • tiltak som er i gang
  • vedtak og planar
  • analysar av produkt som kommunen har eller brukar og som gjeld helse- og miljøverknader.

Målgruppe

Alle som ønskjer å få slik informasjon, både privatpersonar, frivillige organisasjonar og næringsliv.

Kriterium/vilkår

Det finst nokre tilfelle der du ikkje kan få informasjonen du spør om:
  • når ei sak ikkje er ferdig behandla i kommunen og informasjonen du spør om berre finst i interne arbeidsdokument
  • taushetspliktig informasjon, for eksempel forretningsløyndomar.

Brosjyrar, dokument,
kart og liknande

Lover

Dette er ei lovpålagd plikt for kommunen. Sjå miljøinformasjonslova § 5 og kapittel 3.
 
Sjå også offentleglova §§ 13, 14, 15 og 16.
 

Miljøinformasjonsloven
Produktkontrolloven
Forskrift om Klagenemnda for miljøinformasjon
Forvaltningsloven
Offentleglova

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Du kan spørje kommunen på den måten du vil, du kan ringje, skrive eller møte opp. 
 
Du må ikkje dokumentere eit spesielt behov for å ha krav på informasjon. Men du må formulere deg slik at kommunen forstår kva du er ute etter. Kommunen hjelper deg med å stille spørsmål slik at du får det du er ute etter.
 
Omsynet til andre samfunnsinteresser (f.eks. forretningsløyndomar) eller opplysingar som det er teieplikt om kan gjere at du får avslag. Du har likevel alltid krav på informasjon om
  • helseskadeleg forureining 
  • forureining som kan gjere alvorleg skade på miljøet
  • forholdsreglar for å hindre slike skadar
  • ulovleg inngrep eller skadar på miljøet.

Saksbehandlingstid

Du skal få svar snarast råd og seinast innan 15 verkedagar etter at kravet er teke imot. Dersom dette ikkje er mogleg fordi forholdet er komplisert og/eller informasjonen som det blir spurt etter er for omfattande, skal du innan den samme fristen få melding om når du kan vente svar, og da seinast innan to månader.

Høve til å klage

Dersom du får avslag på kravet om informasjon, kan du klage innan tre veker etter at du tok imot avslaget. Får du ikkje svar innan to månader, kan du òg klage. Er du usikker på kvifor du har fått avslag, kan du krevje ei nærare grunngjeving av dei vurderingane som ligg til grunn for avslaget. Dette må meldast innan tre veker etter at du fekk avslaget. Du skal ha svar innan ti dagar. Dersom du har bede om ei nærare grunngjeving for avslaget, stoppar klagefristen til du har fått grunngjevinga. Klagen sender du til det organet som har gjeve avslaget. Deretter vidaresendast klagen til næraste overordna organ dersom organet sjølv ikkje tar klagen til følgje. For kommunen sin del er dette statsforvaltaren.

Du kan også klage til Sivilombudsmannen.

Tjenesten oppdatert: 09.03.2021 15:04