Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Bustønad

Bustønad er ei hjelp for deg som har låge inntekter og høge buutgifter. Du må søkje kommunen om bustønad

Tenesteomtale


Bustønad kan du søkje dersom husstanden din har låge inntekter og høge buutgifter. Det er sett øvre grenser for kor høg inntekt du kan ha.

Med nokre unnatak kan alle over 18 år søkje. Husbanken og kommunen samarbeider om bustønadsordninga. Det er kommunen som behandlar søknaden din og har all kontakt med deg.

Søknadsfrist er den 25. i månaden. Bustønad blir utbetalt den 20. i månaden etter at du søkte.

Dersom du meiner noko er feil i vedtaket, kan du klage til kommunen.

Du må melde frå om endringar som har noko å seie for utrekninga.

Målgruppe

Sjå her om kven som kan få bustønad.

Kriterium/vilkår

Alle over 18 år kan søkje bustønad – med unnatak av studentar og personar i førstegongsteneste. Du kan likevel søkje dersom du

  • er student utan barn og studiet er eit ledd i eit offentleg arbeidsretta tiltak
  • er under 18 år og har eigne barn

Pris for tenesta


Samarbeidspartnarar

Husbanken og kommunen samarbeider om bustønadsordninga. Det er kommunen som har all kontakt med deg som søkjer.

Lover

Husbanken/kommunen plikter å sørgje for denne tenesta.

Forskrift om bustøtte
Bustøttelova
Forvaltningsloven

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Du kan søkje bustønad elektronisk eller på papir. Papirsøknad skal du sende til kommunen. Kontakt kommunen dersom du har spørsmål eller treng hjelp.

Vedlegg


Saksbehandling

Kommunen tek imot søknaden og kvalitetssikrar opplysningane. Når søknaden blir behandla, blir det innhenta opplysningar frå ei rekkje offentlege instansar som for eksempel folkeregisteret, Skatteetaten og Nav. Husbanken gjer det formelle vedtaket om stønad.

Saksbehandlingstid


Høve til å klage

Dersom du meiner noko er feil i vedtaket, kan du klage innan tre veker frå du tok imot vedtaket. Klagen skal du sende til kommunen. Husk alltid å gje opp namn, fødselsnummer og kva saka gjeld. Forklar kva du meiner er feil og kvifor du meiner vedtaket bør bli endra. Du må skrive under på klagen og leggje ved relevant dokumentasjon. Kommunen kan hjelpe deg å klage. Husbanken behandlar klagen innan to til åtte veker og sender deg eit vedtak. Dersom du ikkje har fått medhald i klagen din, kan du be om at klagen din blir behandla av den uavhengige klagenemnda for Husbanken. Ønskjer du å søkje bustønad for kommande månader, må du sende inn ny søknad.

Tjenesten oppdatert: 23.11.2022 09:11