Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Barnehage - etablering og drift

Private barnehagar er viktige for å tilby nok barnehageplassar til alle som treng. Ein privat barnehage kan også ha religiøse eller sosiale formål.
Kommunen har ansvaret for både dei kommunale og dei private barnehagane, og skal godkjenne søknader om etablering av nye barnehagar.

Tenesteomtale

Dersom du ønskjer å starte ein privat barnehage bør du fyrst kontakte kommunen for å vere sikker på at den har behov for fleire barnehageplassar. Barnehagen skal så bli godkjent av kommunen før den kan setjast i drift og få tilskot. Kommunen vil hjelpe deg i oppstartsfasen.

Målgruppe

Barnehageeigarar.

Kriterium/vilkår

For å kunne kalle verksemda for ein barnehage må
  • Drifta vere regelmessig, og minst eitt av barna vere der meir enn 20 timar i veka.
  • Det vere minst 10 barn som er tre år eller eldre, eller minst fem barn når dei er under tre år.
  • Verksemda ta betalt.
 
For å kunne søkje om etablering av privat barnehage må du oppfylle desse krava:
  • Du er registrert med eige organisasjonsnummer i Einingsregisteret
    (Viss barnehagen skal ha færre ein 30 barn eller er ein familiebarnehage med færre enn 10 barn, treng han ikkje registrerast i Einingsregisteret.)
  • Du har eit budsjett
  • Du har vedtekter
  • Du kan vise til planar for lokale og uteareal og du kjenner til arealnorma
  • Du kjenner til reglane i barnehageloven og rammeplanen og har en plan for barnehagens innhold og kvalitet.
  • Du har kvalifisert personale, og nødvendige politiattestar
  • Du har nødvendige godkjenningar frå kommuneoverlege, bygningsmakta i kommunen, brannstellet og mattilsynet.
 
Kommunen kan i tillegg stille vilkår for
  • Tal på barn
  • Barna sin alder
  • Opphaldstid.

Pris for tenesta


Samarbeidspartnarar

Styresmaktene knytte til helsesaker og til plan- og byggjesaker, brannvesenet, arbeidstilsynet.

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Kommunen vil kunne rettleie deg om kva godkjenningar/uttaler du som barnehageeigar må skaffe før dei ansvarlege styresmaktene for barnehagane kan godkjenne barnehagen. Du bør derfor tidleg kontakte kommunen for å få informasjon om kva krav kommunen stiller.

Saksbehandlingstid

Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som mogleg. Dersom kommunen ikkje kan gjere vedtak i saka innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til dette, med opplysningar om når du kan vente at det vil bli gjort eit vedtak.

Høve til å klage

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du har teke imot vedtaket. Klagen sender du til den instansen i kommunen som har gjort vedtaket. I klagen skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje dette. Kommunen vil kunne rettleie deg. Klageinstans er Statsforvaltaren. Før kommunen sender klagen dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det.

Tjenesten oppdatert: 05.03.2024 12:08