Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Badeanlegg, bassengbad og badstu o.a. - meldeplikt

Eig du eit badeanlegg, basseng eller ei badstove som er offentleg tilgjengeleg? Då er det fleire krav til helse, tryggleik, hygiene og drift som du må ta omsyn til.

Tenesteomtale

Før badeanlegga (som òg inkluderer bassengbad, badstuer og boblebad) blir tatt i bruk, og ved endringar i drifta, skal eigaren gje kommunen melding om alle forhold som kan verke inn på helse, hygiene eller tryggleik for brukarane. For boblebad spesielt skal meldinga mellom anna innehalde opplysningar om utforminga og kva modell/type boblebadet er.

Badeanlegg skal vere tilfredsstillande for helse og hygiene.  Dei skal vere utforma slik at dei førebyggjer ulukker. Personellet skal ha opplæring i persontryggleik, og det skal utarbeidast instruksar for brukarane. Det skal takast jamlege prøver av vasskvaliteten.

Målgruppe

Eigarar av badeanlegg, inkludert bassengbad, badstu og boblebad, som er tilgjengeleg for allmenta

Saksbehandling

Dersom meldinga avdekkjer forhold som er i strid med krava til helsesam forsvarleg drift, kan kommunen gje pålegg om konsekvensutgreiing, retting, tvangsmulkt eller stansing av verksemda.

Kommunen vil utøve eit fagleg skjønn, og det må vere eit fornuftig forhold mellom nytte og kostnad ved eit tiltak.

Høve til å klage

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Statsforvaltaren, som avgjer om klagen skal takast til følgje.

Tjenesten oppdatert: 04.01.2021 20:00